mandag 4. april 2011

Nynorsk som reklamespråk?

Nynorsk brukast i svært få reklamar i dag. Kvifor er det slik? Er det for å ikkje misjonere det kjære språket til Ivar Aasen?

I dagens reklamer på radio og TV er nynorsk svært skjeldent brukt. Det er bokmål som er hovudspråket blant alle reklamer i Noregs rike, og mange meiner det blir unaturleg å bruke nynorsk som eit reklamespråk. Den faglege leiaren i reklamebyrået Dinamo Norge, Ivar Vereide, seier at ein må ha ein naturleg grunn for å bruke nynorsk. Å bruke nynorsk berre for å bruke nynorsk er han i mot.

Men kvifor er det slik? Kvifor er det unaturleg å bruke nynorsk som eit reklamespråk? Er det verkeleg så stor motstand mot nynorsk i det norske folk? At vi ikkje kan ha reklamar på nynorsk? Eg trur det er ein vanesak. Vi er ikkje vant til å høyre nynorsk i reklamar, og ser derfor på det som unaturleg. Derfor synes eg det er flott at det er fleire enn før som ønskjer å reklamere på nynorsk. Det nynorske språk signaliserer identitet og vare. Vi trenger eit mangfald i det einsformige samfunnet vi lever i, og meir aksept for nynorsk som eit hyppigare brukt språk.  

Vibeke